Velkommen til Voss Økonomi og Regnskap

Me er eit autorisert regnskapsbyrå som tilbyr regnskapstenester frå A til Å. Me tek oppdrag innan føring av regnskap, lønn, årsoppgjer og likningspapir, budsjettering, fakturering og rådgjevingstenester. 

Me har lang erfaring med kundar i mange ulike bransjar, og kundeporteføljen vår består av alt frå små enkelpersonsføretak til mellomstore aksjeselskap. Kundane våre driv mellom anna i anleggs- og entreprenørbransjen, industri, handel, og overnattings- og serveringsbransjen.  

LEDIG STILLING
Me har no ledig inntil 100% stilling som regnskapskonsulent. Me er eit lite byrå med tre tilsette, noko som betyr at kvar einskild medarbeidar utfører varierte oppgåver frå A til Å for våre kundar. Den me søkjer har interesse for og kompetanse innan økonomi og regnskapsfaget, er nøyaktig og strukturert, har godt humør og gode samarbeidsevner. Bransjen er i endring mot digitalisering, så gode grunnleggjande datakunnskapar er naudsynt. Du har gjerne autorisasjon, men det er ikkje eit krav. Har du utdanninga, men manglar praksisen, kan me hjelpa deg fram mot autorisasjon som regnskapsførar. Nyutdanna må gjerne søkje. Personlege eigenskapar, samt erfaring og interesse for faget, kan vega opp for formell utdanning. 

Nokon av dine arbeidsoppgåver blir
Varierte oppgåver innan regnskapsføring og lønn
Løpande regnskapsførsel, avstemming og kontroll
Rapportering til kunde
Kundekontakt og oppfølging med sjølvstendig ansvar
Årsoppgjer

Dette får du hjå oss
Jobba med spennande selskap i mange ulike bransjar
Lønn etter avtale
Trivelege kundar 
Ein kjekk arbeidsplass!

Om dette er noko for deg, håpar me du sender oss ein søknad med CV innan 02.07.2019. Send gjerne på e-post til post@vossregnskap.no, eller kom innom vårt kontor på Hestavangen 2


Kontakt
Voss Økonomi og Regnskap
Hestavangen 2, 5700 Voss
tlf: 56 52 12 00
 

        Rediger


Voss Økonomi
og Regnskap